Blog Image

Redaksjonspennen i Hyrdingen

Redaksjonspennen

I kvart nummer skriv redaktøren ein "leiar artikkel". Denne vert presentert her i tillegg til i bladet. Stoff og kunngjeringar du ynskjer inn i Hyrdingen kan sendast til: redaksjonen@hyrdingen.no
Les i HYRDINGEN.

Nye kjem med i oppgåvene

Redaksjonspennen Posted on Sat, October 22, 2016 20:43:27

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 5, 20. oktober 2016

Hausten representerer ei endring på mange måtar. Trea og naturen skifter farge, dagane blir kortare, men i kyrkjer og bedehus blømer det som best nå. Trusopplæringsarbeidet er i full gong att og folk samlast på bedehusa.

Nye kjem med i oppgåvene og vi presenterer litt av dette i kyrkjebladet denne gongen. Lokalt har Lillian Sønstabø Johanssen teke over som trusopplærar i fleire bygder. Vi ynskjer henne velkommen i tenesta.

I november skal det tilsetjast ny sokneprest for Ølen og Bjoa. Det er fleire søkjarar så dette blir spennande. Takk Johannes, for mange år i ei god og aktiv teneste hos oss. Så skal Stavanger Bispedømme få ny biskop. Erling Pettersen legg ei av sine avskjedsgudstenester til Haugesund 2. des. Ei takk også for denne tenesta.

Om leiarar skifter, så er den lokale innsatsen viktig. Det kvar og ein gjer i si bygd er med og ber ordet om Frelsaren vidare til nye generasjonar. Ei særleg takk til deg som står i dette arbeidet.



Å møta det vonde med det gode

Redaksjonspennen Posted on Sat, October 22, 2016 20:34:27

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 4, 1. september 2016

Denne sommaren har vore prega av nyhetsmeldingar om terror fleire stader i Europa. Det er vanskeleg, ja, umogeleg for oss å forstå at menneskje kan gjera så mykje vondt mot uskuldige, mange av offera er endå til born. Mange har gjort terror i namnet på ein gud og ei gudstru.

I kyrkjene våre så er det ei anna lære vi forkynner. Om ein Gud som ber oss venda det andre kinnet til om nokon slår oss. Om Jesus som i Bergpreika sa (Matt.ev. kap.5):

– Men eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar, velsign dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og be for dei som mishandlar dykk og forfølgjer dykk.

Det er vanskeleg å tenkja slik når vold og terror vert retta mot born og uskuldige. Likevel skal vi ikkje la hatet fylla oss, men halda fram med å gjera godt mot dei vi møter, og minna kvarandre på at vår Gud seier i sitt ord til oss: – Du skal elska nesten din som deg sjølv.

La oss møta det vonde med det gode, så skal det gode sigra.



Kyrkja sin fødselsdag

Redaksjonspennen Posted on Sat, October 22, 2016 20:27:22

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 3, 2. juni 2016.

Pinsen er nettopp forbi. Ei av dei viktige kristne høgtidene som også vert kalla «Kyrkja sin fødselsdag». Festen som markerer at den Heilage Anden vart sendt til disiplane. Det er ikkje så mange som tenkjer over kva dette betyr lengre, noko fleire innslag og intervju i media syner. Derfor er trusopplæringa som kyrkja har sett i gong så viktig, for å dela kunnskapen om den kristne tru og tradisjon.

Til hausten startar sokneråd og bedehusa i Skjold og Vikebygd opp «Alpha», ein serie med tankevekkjande, interaktive samlingar for å hjelpa deltakarane til å oppdaga kva den kristne trua handlar om. Eit spennande opplegg med samlingar annankvar onsdag – for alle som er nyskjerrige og har lyst til å snakka saman med andre om tema som har med tru å gjera. Les meir om dette inne i Hyrdingen (side 6).

Vi har fått mange nye landsmenn, nokre med ei anna tru enn vår eiga. Nokre stader opplever kyrkja auka frammøte når det i skulen eller lokalsamfunnet kjem tilflyttarar som praktiserer sin religion med bøn og tru. Også dei lokale norske tek til å tenkja over: Kva trur eg på? Fleire stader har dei slik opplevd at unge har auka frammøtet i kyrkja.

I alle kyrkjene våre har det vore konfirmasjon nå med mange unge i kvite kappar. Vi er takksame for at kyrkjelydane våre får dette høvet til å gi ungdommane kunnskap om den kristne trua når dei skal inn i det vaksne livet. Vi ynskjer dei alt vel og ber om at den Heilage Ande må vera med dei gjennom livet og hjelpa dei til tru.