Redaksjonspennen frå Hyrdingen nr. 6 – 2018. Les heile bladet her.

Eit nytt år er i kjømda, seiest det. Dette ordet, kjømd, tyder: «det å kome» eller nærleik. I kjømda er å vente på noko som kjem. Same tyding har også ordet advent, som betyr «komme».

Ei forkorting av det latinske: Adventus Christi (=Kristi komme).

I kyrkja tek det nye året til med første søndag i advent. Det er tid for julekonsertar og oppfrisking av gamle og nye tonar og songar vi sjeldan nyttar elles i året. Lysmesser i kyrkjene med speidarar og konfirmantar er ei spennande avveksling som trekkjer mange familiar til Guds hus. Juleaftan fylles benkene i mange kyrkjer.

Rundt omkring i bygdene markerer folk denne tida. Dei bakar tradisjonelle julekaker; set ut kornband og mat til småfuglane, pyntar husa med lys både inne og ute. Før i tida skulle alt vaskast og skurast, i både skuffer, skap og hus. Mange held på tradisjonane og inkluderer borna i å lage julepynt og å pakka gåver. Tradisjonen tru inviterte Hyrdingen borna til å teikna frå juleevangeliet. Over 200 teikningar kom inn. Nokre få kan vi visa fram i bladet. Tusen takk til alle som ville delta!

Kyrkjene våre får nye medarbeidarar. Halvt anna år etter at Kari tok over stafettpinnen etter Johannes, så går både Jon Ådnøy og Harald Eintveit over i pensjonistane sine rekkjer. Takk for godt samarbeid og teneste i Vindafjord! For gode minner og gode preiker. For å vera i folk sine gleder og sorger.

Nå er det Kristian Kyllingstad og Tsegayesus Hurisa Hunde som tar over. Ta vel imot dei. Mange er spente på å møta dei nye sokneprestane, som har annan bakgrunn enn dei som sluttar. Slik er det alltid – og vi er spente på å høyra dei tala, samarbeida i kyrkjelydane sitt virke og å møta dei i ulike delar av livet vårt. Velkommen skal de vera til Vindafjord.

Til hausten er det val til sokneråd og bispedømmeråd. Måtte det vera mange som seier JA når dei får spørsmålet om å ta opp stafettpinnen og stilla seg til disposisjon for leiar- og rådsoppgåver i vår lokale kyrkje. Men først av alt. Det er tid for å ynskja deg ei fin adventstid og ei velsigna julehøgtid der vi feirer at Jesus, Guds son kom til jorda. Så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha eit evig liv.