Redaksjonspennen frå Hyrdingen nr. 1 – 2019. Les heile bladet her.

Både dette nummeret av Hyrdingen og det førre har mykje stoff knytt til skifte av sokneprestar. Vi ynskjer Kristian Kyllingstad og Tsegayesus Hurisa Hunde velkomne til teneste i Vindafjord og sender ei takk til Harald Eintveit og Jon Ådnøy som har avslutta si teneste her.

Eit val-år

I snart fire år har sokneråda gjort si teneste. Me set stor pris på kvar og ein som har stilt opp. Nå er igjen spørsmålet – kven vil vera kandidat til soknerådsvalet i år? Nokre kan nok tenkja seg å ta på ein ny periode, andre vil ta eit steg til sides slik at nye kan få sleppa fram og få vera med i leiinga av våre lokale kyrkjer. Vil du melde deg til teneste i di bygd? Kyrkja treng deg!

Sjølv om valet ikkje er før i september, så er det nå sokneråda jobbar med å få på plass vallister.

Kyrkjevalet er to val

Samstundes lokalvala skal folket også røysta på representantar til Stavanger bispedømmeråd. Nominasjonsarbeidet pågår mellom både leke og kyrkjeleg tilsette. D.n. kyrkja har ved dei siste vala vore delt i to leirar, men vi vonar at dei som stiller til val framover kan samarbeida for å byggja ei god kyrkje for alle medlemer, der trua på Jesus er det som bitt saman.

Ny biskop

Så er det avgjort og vi kan ynskja Anne Lise Ådnøy velkommen til teneste som biskop i Stavanger bispedømme. Mange kjenner henne alt som fungerande biskop i ein lengre periode. Ho er kjend for å ha gode, brubyggjande evner og ei god forkynning. Det trur vi blir viktig.

For i prosessen var kyrkja delt. Det var Helge Gaard som fekk størst oppslutnad i bispemøtet og i bispedømmerådet, men Kirkerådet avgjorde valet av Ådnøy med 8 mot 6 røyster.

Utfordringa er at dei som har brukt tid på å setja seg inn i saka og kandidatane sine referansar, og tilrådd ein annan kandidat, kan kjenne seg overkøyrde. Leiaren i Stavanger bispedømmeråd uttalte i media at folk kjende seg makteslause og ho var redd for at fleire ikkje gidde å engasjera seg i kyrkja lengre.

Då treng biskopen gode brubyggjande evner, og kyrkja at medlemene stiller opp og engasjerer seg for hovudsaka: Jesus, som vår frelsar.