Redaksjonspennen frå Hyrdingen nr. 2 – 2018. Les heile bladet her.

Vi feirar at det nå er 60. årgangen av kyrkjebladet. På side 6 kan du lesa historia om bladet som har følgd med i skiftingane i kommunegrenser og kyrkjelege inndelingar. Derfor høvde det å ta med ei faksimile av påskeutgåva frå 1970 der biskop Dagfinn Hauge skriv om «Siger over sorg». Vi henta også teksten om Påske (på side 10) frå same utgåva.

Så skal vi i desse dagane få gle oss over fri og tid for familie og kvarandre, og for nokre så blir det hyttetur og skigåing. Andre held seg heime. Det blir alltid mange gudstenester i påska. Vi oppfordrar deg til å oppsøkja desse samlingane, om du er heime eller kanskje på den staden du reiser til.

Eit ord vi ofte høyrer er at: «Nå skal vi kopla av». Men Påska handlar også om å få «kopla til.» Oppretta kontakten med Gud og Jesus gjennom bibelen og samvære om hans ord. Ta tid til å tenkja gjennom litt av det som påske betyr i vår kristne tradisjon. Om vår Far i Himmelen som elska oss så høgt at han sende sonen sin for å ordna opp på våre vegne. For at vi skulle verta frelste. Eller som det står i profeten Jesaja, kap. 53:

– Men han vart såra for våre brot, knust for våre synder. Straffa låg på han, vi fekk fred, ved hans sår vart vi lækte.

Barne og ungdomsarbeidet i bygdene våre er viktig for å fortelja dette vidare til nye generasjonar. Det gjev oss von. Noko godt å sjå fram til.

Eg vil ynskja deg God Påske.