Redaksjonspennen frå Hyrdingen nr. 3 – 2018. Les heile bladet her.

Det er mange som gjer eit flott arbeid gjennom kyrkjer, bedehus, lag og foreiningar i Vindafjord. Takk for tenesta du utfører!

Så er det sommar, med litt andre tilbod: Leirar på Brandøy og Stemnestaden; Storsamling i Ølen; Stemnedag på Vikestølen; Misjonsstemne på Brandøy i august; fleire Basarar der flittige hender har strikka og laga flotte ting. Jo, her er mange spennande ting som skjer også i sommarmånadane.

Og kyrkja i Vindafjord tilbyr gudsteneste kvar helg. På side 10 kan du sjekka kva for ei kyrkje det er i. Vi kan ha godt av å ta ein tur til ei av kyrkjene i nabobydene på søndagar også. Du er like velkommen her, som i ”di eiga kyrkje”. Vi treng å koma saman, litt tettare.

Som når ein rakar saman dei svarte kola i peisen eller leirbålet. Får dei inn i varmen. Då gløder dei igjen og byrjar å avgje varme.

Om sommaren er gudstenestene til ulike klokkeslett og stader, så sjekk i Hyrdingen, -eller på internett der kyrkjene i Vindafjord legg ut oppdatert program og informasjon, på: vindafjord.kyrkjer.no

Det hender dei som står i bresjen for barne- og ungdomsarbeidet trøytnar. Treng støtte og kanskje avløysing. Kan du tenkja deg å hjelpa til i søndagsskulen eller anna barne- og ungdomsarbeid. Ta kontakt med kateketen eller dei som er aktive i arbeidet og spør: Treng du hjelp?

Vi ynskjer deg god sommar.