Redaksjonspennen frå Hyrdingen nr. 4 – 2018. Les heile bladet her.

«En sommer er over, men vi skal sees igjen til neste år», song Kirsti Sparboe i 1972. Sommaren vi har bak oss i år var fantastisk flott for alle som ikkje skulle dyrka noko på åkeren. Både born og vaksne kunne gle seg i strandkanten, bada og ha det kjekt. Men vi ventar ikkje til neste år med å møtast. Nå er aktiviteten i kyrkjer og bedehus i full gong igjen. Trusopplæring er stikkordet og kateketen skriv litt om dette på side 7 og kunngjeringane fyller opp fleire sider bakarst i Hyrdingen.

Takk for mange gode tilbakemeldingar på kyrkjebladet, som kjem ut til alle husstandar seks gonger i året. Utfordringa vår nå er at det dei siste åra både har vore auke i kostnadane og nedgang i dei som betaler bladpengar.

Då kan vi ikkje anna enn å ropa eit «varsku her.» Ynskjer du at Hyrdingen skal halda fram å koma ut tre gonger om våren og tre gonger om hausten med informasjon om det som rører seg i kyrkjelyden, ja, då vonar vi du har høve til å bidra med eit lite beløp til dekking av kostnadane. Sjå nederst side 3.

Hyrdingen treng også fleire til å vera med i redaksjonskomiteen. Er det noko du kan tenkja deg å vera med på? Då kan du ta kontakt med redaktøren på telefon eller e-post.

I løpet av vinteren skal to nye prestar finna seg ein plass i kyrkjene våre. I Vindafjord er dermed alle sokneprestane skifta ut gjennom få år. Arbeidet i sokna er likevel mest avhengig av mange frivillige som stiller opp både innan barne- og ungdomsarbeid, i misjonsforeiningar og med praktiske oppgåver.