Redaksjonspennen frå Hyrdingen nr. 2 – 2019. Les heile bladet her.

Det er ei endring i samfunnet. Dei som vaks opp med bibelsoga som lærebok i faget kristendom fekk ikkje berre innføring i kunnskap knytt til ein religion, men også til gode normer for livet. Bod om at du ikkje skal stela, ikkje lyga, ikkje slå i hel osb. Eller det Jesus sa var like stort som det største bodet: «Du skal elska nesten din som deg sjølv». Omsorg og omtanke for kvarandre, ligg i dette.

Vi treng normer og retningsliner, eller stabbesteinar som skal hjelpa oss til å halda oss på den rette vegen. I aviser og fjernsyn får vi inn bilete frå eit land og ei verd der stadig fleire lagar sine eigne normer og reglar. Difor vil eg igjen minna om dei ti retningslinene som Gud vil vi skal fylgja. Slik vi skal vera mot kvarandre:

1) Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.
2) Du skal ikkje misbruka Guds namn.
3) Du skal halda kviledagen heilag.
4) Du skal æra far din og mor di.
5) Du skal ikkje slå i hel.
6) Du skal ikkje bryta ekteskapet.
7) Du skal ikkje stela.
8) Du skal ikkje tala usant om nesten din.
9) Du skal ikkje trå etter eigedomen til nesten din.
10) Du skal ikkje trå etter ektefellen til nesten din, eller arbeidsfolka hans eller andre som høyrer til hjå han.

Så kan det nå vera ein og annan som tenkjer: -Dette klarer eg ikkje! Det er for dei som ikkje klarer å leva opp til dette at vi feirar påske. Ja, det er menneskeleg å falla, men Gud vil tilgje dei som angrar si synd og bed om tilgjeving, overfor Gud og overfor naboen, eller nesten din. Og Jesus sa: «For så høgt elska Gud verda at Han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på Han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Gud sende ikkje Son sin til verda for at Han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved Han.»