Redaksjonspennen frå Hyrdingen nr. 3 – 2019. Les heile bladet her.

Påske, Kristi Himmelfartsdag og Pinse gjev oss ekstra fridagar. Opphaveleg for at vi skulle ha tid til å markera desse kristne høgtidene. Delta på gudstenester og markera dei hendingane som er sentrale i vår kristne tru. I tillegg har vi 1. mai, frigjeringsdagen 8. mai, Grunnlovsdagen 17. mai, Unionsoppløysinga 1905 (7.juni) som er offentlege flaggdagar.

Då er det flott å sjå at det norske flagget kjem til topps på flaggstenger både ved offentlege bygg og ved private heimar. Det ikkje er sjølvsagt dette som vi markerer med flagget. Å kunna tru, seia eller skriva det vi har på hjarta, utan frykt for represaliar eller fengsel. Å kunna delta i demokratiet og få gå til ein jobb der vi får løn og trygge forhold, eller få hjelp av samfunnet når ikkje alt går vår veg.
Det er også dei som tek til ordet for at desse dagane berre skal vera vanlege arbeidsdagar. Det er eg ikkje samd i. Livet er meir enn arbeid og stress. Det er trong for å kunna heisa flagget, kle seg fint og samlast i heimane i lag med familien, eller i større, offentlege samanhengar i bygd og by. Å minna kvarandre på at fridom og demokrati ikkje er sjølvsagt, men noko vi må gjera ein innsats saman for å få ha, også i framtida.

Det er ditt val
Til hausten er det val på sokneråd og bispedømmeråd. I kvart kyrkjesokn skal det veljast lokale medlemmer i sokneråda. Før var nok dette ein status, nå slit ein med å finna nok kandidatar fleire stader. I Vikedal, Skjold og Vikebygd måtte dei til med supplerande nominasjon. Bjoa og Ølen er slegne saman til eitt sokn. Det er ikkje sjølvsagt å ha det vi har. Vi må vera viljuge til å engasjera oss, både i kyrkje, familie og samfunn. Takk for det du gjer!