Redaksjonspennen frå Hyrdingen nr. 4 – 2019. Les heile bladet her.

Hausten er komen til bygdene i Vindafjord. Trea her fekk først sine flotte fargar, men etter kvart så fell blada av og ned til jorda. Dei rotnar og blir til næring for ein ny vår, om ei stund. Frø og nøtter fell til bakken. Nokre av dei vil til våren slå rot og bli til nye tre og planter.

Vala er over. Både til kommunestyre og til dei kyrkjelege styra. Vi gratulerer dei som er valde og ønskjer dei lukke til i ei teneste der dei kan vera med på å påverka, endra og utvikla. Dei skal få byggja vidare på det andre har sådd. Nye frø skal spira i trusopplæringsarbeid og diakoni, og nye fellesskap skal få veksa fram.

Trusopplæringsprisen var nyss delt ut av soknerådsutvalet: FUT. Vi er imponert over Tone S. Andreassen som i 20 år har vore i leiinga for ein ungdomsklubb som samlar nær sagt alle born og ungdom i Vikedal. Prisen er vel fortent. Men det er også mange andre som fortener ros for sine tenester i trusopplæringsarbeidet, som vi har mykje av i vår kommune.

Hyrdingen er eit blad der sokneråda og prestane får informera dei som bur i Vindafjord om kyrkjelege tilbod og møtedatoar. Gjennom dette kan vi både invitera foreldra til å bera borna sine til dåpen, presentera konfirmantane våre og jubilantane. Men her er også plass til informasjon om aktivitetar på bedehuset og om dei mange som gjer ein fantastisk god jobb for born, unge, vaksne og eldre. Treng vi dette bladet? Undersøkingar gjort på landsbasis svarar ja på det spørsmålet.

Svært mange les litt eller mykje i kyrkjebladet og skulle det mangla i postkassen får redaksjonen spørsmålet: Kor blir det av?

Likevel er det ei stor utfordring å finansiera bladet. Kostnadane aukar og talet på dei som betalar frivillige bladpengar, går ned. Redaksjonen, styret og sokneråda må drøfta: Kva skal til for å gjera bladet meir interessant? Og korleis skal vi finansiera bladet i åra framover?

Vi ønskjer all lukke til i arbeidet innan både kommunen, kyrkjene og bedehusa, og like eins til alle som driv frivillig arbeid innan både musikk, idrett, klubb, foreiningar og på andre måtar.