Redaksjonspennen frå Hyrdingen nr. 6 – 2019. Les heile bladet her.

Første søndag i advent er nyårsdagen i kyrkjeåret. Det er knytt opp til dei viktigaste hendingane i Jesu liv. Advent er ei forkorting av det latinske: Adventus Christi (Kristi komme).

Nå er det er tid for julekonsertar og oppfrisking av gamle og nye tonar på songar vi sjeldan nyttar elles i året. Lysmesser i kyrkjene med speidarar og konfirmantar er ei spennande avveksling som trekkjer mange familiar til Guds hus. Juleaftan vert benkene fylte i kyrkjene av festkledde familiar, unge og eldre, som vil starta feiringa med juleevangeliet og dei kjende julesalmane.

Det er noko trygt med tradisjonane. Noko vi kan få føra vidare til nye generasjonar. På gudstenesta julekvelden får heller presten snakka litt høgare og kraftigare så han overdøyver lyden av borna. Det er flott at alle generasjonar kan koma samen i kyrkja og vi som har vore der mange gonger kjenner igjen teksten: «I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda.»

Og presten held fram med å fortelja om gjetarane på marka som fekk høyra englesongen og skunda seg inn til Bet- lehem der dei fann det unge paret: Maria og Josef, – og det vesle barnet som låg i krubba. Jesus var namnet barnet fekk, men er også kalla: Kristus. For han feirar vi Kristusmesse (Christmas).

Gledeleg Jul til dykk alle.