Redaksjonspennen frå Hyrdingen nr. 1 – 2020. Les heile bladet her.
av Steinar Skartland, redaktør

Vi er heldige som har tre sokneprestar og åtte flotte kyrkjer i Vindafjord.  Frå sentralt hald blir det peika på at mange prestar har høg alder. I åra som kjem vil kyrkja få utfordring med å halda oppe talet på gudstenester. Hos oss er talet på prestar og kyrkjer som før, men talet på søndagar med lys i kyrkja er likevel redusert i fleire av sokna.

Medlemstalet i den norske kyrkja har i prosent gått nedover. Mest fordi folketalet har auke, men i seinare tid også litt i reelt medlemstal, som har endra seg slik:
1970: 3,64 mill.; 1980: 3,6 mill.; 2000: 3,9 mill.; 2008: 3,87 mill.; 2018: 3,72 mill.

Kan vi få fleire med?

Samstundes som færre møter på vanlege gudstenester, så er det mange stader godt frammøte til familiegudstenester eller arrangement som har musikk og aktivitetar retta mot familiar og unge. Vi kan spørja: Har den tradisjonelle gudstenesta ein stil med musikkformer og salmar som ikkje er i vanleg bruk i samfunnet, og slik sett ikkje er i takt med samtida?

Før jul var eg på fleire kyrkjekonsertar lokalt, der eg opplevde fulle hus. I Skjold kyrkje vart det ein stol til meg heilt bak på galleriet. På desse konsertane, i fleire av kyrkjene, møte folk «mann av huse». Sokneråda og prestane bør diskutera dette. Kva kan vi gjera for at samværa i kyrkja skal vera noko mange får lyst til å delta på, samstundes som vi er tydelege på kva hensikta er med gudstenesta og kyrkjebygget. Nyare kyrkjer som har plass til både speidarar, søndagsskule, klubb og andre møter viser at talet på dei som er innom kyrkja gjennom året truleg er høgare nå, enn den tida då det berre var gudstenester og kyrkjelege handlingar i bygget. Kyrkjene er ulike. Kanskje må aktivitetane også vera ulike og tilpassa både bygget og folket i soknet. Men med bilar i kvart eit tun, burde også fleire teke turen til nabokyrkja når klokkene ringer inn der.