Redaksjonspennen frå Hyrdingen nr. 2 – 2020. Les heile bladet her.
av Steinar Skartland, redaktør

Det er uvanlege tider vi står oppe i. Mange hadde gledd seg til ein konfirmasjon i kyrkja og familiefeiring, andre såg fram til påskeferie på hytta eller i fjellet. Så er vi usikre. Koronaviruset har sett samfunnet vårt i ein pause. Kyrkjer og bedehus heldt stengt i ei tid då vi kanskje hadde hatt trong for å koma saman. Skular, barnehagar og bedrifter stenger eller må permittere. Det var ikkje slik vi såg føre oss denne våren.

Nå må vi alle ta ansvar og gjera vårt til at dei som er ei utsett gruppe: Eldre og personar med redusert immunforsvar, må skjermast. Vi må halda smitten tilbake slik sjukehusa klarer å ta hand om dei som treng innlegging.

Likevel, om du ikkje kan besøkja nett den du veit treng eit besøk, så kan du ta kontakt på telefon eller internett. Mange stiller opp for å hjelpa til med å gjera innkjøp for dei som ikkje kjem seg i butikken. Ta vare på kvarandre. Dette skal vi greia i lag. Så får vi kanskje bruka litt meir tid til aktivitetar i lag innan familien og søndagsgudstenesta kan vi få med oss på radioen eller internett. Ta vare på kvarandre i ei krevjande tid.

Kanskje det denne påsken kan verta tid til å ta fram dei gode, gamle spela der familien samlast i stova heime? Ta tid til å tenkja på kva påskebodskapen handlar om.
God påske!